Flyplassar blir stengde i Paris og London

Både Orly-flyplassen sør for Paris og London City-flyplassen blir stengde for kommersiell flytrafikk på grunn av koronapandemien.
utenriks

Avgjerda blir teken fordi den rådande situasjonen har gjort det umogleg å halde oppe normal passasjertrafikk.

London City-flyplassen gav onsdag beskjed om at dei innstiller alle kommersielle flygingar frå og med onsdag. Innstillinga vil gjelde fram til slutten av april.

Avgjerda blir sagt å vere ein konsekvens av dei strenge restriksjonane som regjeringa har lagt på fridommen folk har til å bevege seg.

Orly-flyplassen sør for Paris gav same dagen beskjed om at alle kommersielle flygingar blir frå innstilte og med 31. mars.

Flyplassoperatøren ADP viser til ein «stor og brutal» kollaps i talet på flygingar både til Orly og flyplassen Charles de Gaulle nord for den franske hovudstaden.

– I går var vi ned 92 prosent i passasjertrafikken ved Orly og ned 89 prosent ved Charles de Gaulle, seier ADP-direktør Edward Arkwright til franske medium.

(©NPK)