Børsfall i Japan

Aksjemarknaden i Japan fall torsdag 4,5 prosent, trass børsoppgang i USA og Europa dagen før og semja om ein stor amerikansk krisepakke.
utenriks

Då aksjehandelen vart avslutta i Tokyo torsdag, hadde Nikkei-indeksen gått ned 4,51 prosent.

Dei tre tidlegare dagane var det børsoppgang i Tokyo, og ein del av investorane ønskt å sikre seg gevinst.

Den amerikanske krisepakken, som torsdag vart vedteke i Senatet, blir omtalt som positiv for marknaden òg i Japan. Men dette var ikkje tilstrekkeleg til å unngå nedgang.

På fleire andre asiatiske børsar peika likevel pilene oppover, og aksjemarknaden i Australia steig torsdag over 2 prosent.

(©NPK)