Danske politikarar vil vite meir om kor mykje nedstenginga av landet kostar

Danske parti krev no større innsikt i dei økonomiske konsekvensane av koronatiltaka i landet.
utenriks

Det skriv Politiken. Avisa har vore i kontakt med ei rekke økonomar som meiner det er på tide å sjå på dei økonomiske konsekvensane av tiltaka.

– Det er viktig at vi byrjar å evaluere kva kostnadene ved dei ulike tiltaka faktisk er, så det politiske avgjerdsgrunnlaget er så godt som mogleg, seier professor Carl-Johan Dalgaard ved Københavns Universitet.

Representantar for dei politiske partia Dei Radikale og Venstre er blant dei som no krev å få vite meir.

– Det vil vere naturleg at regjeringa snart legg fram ein plan for korleis nedstenginga av samfunnet på eit tidspunkt skal rullast tilbake på ein måte der omsynet til helsa til danskane og aktivitet i samfunnet går hand i hand, seier Sophie Løhde i Venstre til Politiken.

Finansminister Nicolai Wammen, som representerer Socialdemokratiet, repeterer i tilsvaret sitt overfor avisa bodskapen til regjeringa om at dei er villige til å gjere kva enn som blir kravd for å handtere krisa og konsekvensane av ho.

(©NPK)