Dramatisk auke i talet på døde koronapasientar i Stockholm

Ytterlegare 18 menneske med covid-19 har døydd i Stockholm. Helsedirektør Björn Eriksson seier byen er midt i stormen og klar til beredskap på høgaste nivå.
utenriks

I alt har 37 menneske døydde av koronaviruset i hovudstadsregionen, 18 av dei det siste døgnet.

– Stormen er her. Vi veit ikkje kor sterk han kjem til å bli, men vi er midt oppe i han, seier Eriksson, som er helsedirektør i region Stockholm.

– Vi skal gå til det høgaste beredskapsnivået, katastrofenivået, understrekar han.

Markant auke

På ein pressekonferanse onsdag kveld opplyste han at 1.070 menneske er stadfesta smitta i regionen. Av dei er 300 innlagt på sjukehus, og 65 får intensivbehandling.

Dei nye tala frå Stockholm inneber at i alt 62 menneske er døde i Sverige etter å ha vorte smitta av koronaviruset. Talet på smitta låg onsdag kveld på 2.526, ifølgje Worldometers.

– Vi har ein ganske markant auke i talet på smitta, erkjenner Eriksson og legg til at ein stadig større del av dei smitta er over 70 år.

Treng fleire hender

Han ber no alle med helsefagleg utdanning om å bidra så mykje dei kan. Helsevesenet i den svenske hovudstaden har stort behov både for personell og verneutstyr.

– Vi tek imot all hjelp vi kan få, for det trengst no, understrekar helsedirektøren.

Spesielt oppmodar han pensjonistar til å melde seg, først og fremst dei under 70 år. Han seier òg at deltidsarbeidarar vil bli bede om å jobbe fulltid.

Berre akutthjelp

Helsevesenet i Stockholm blir no lagt heilt om for å møte den krevjande situasjonen.

– Vi fokuserer no berre på akuttbehandling som ikkje kan vente. Helsevesenet blir forandra heilt i løpet av nokre veker, fastslo han på pressekonferansen.

Helsedirektøren trur det blir ei vanskeleg tid for helsevesenet i Stockholm dei neste vekene, og han nytta samtidig høvet til å takke helsepersonell for den «eineståande innsatsen».