Kriminaliteten stuper i Italia

Tala på drap, narkotikalovbrot, seksuelle overgrep og fleire andre former for kriminalitet stuper medan italienarane held seg heime.
utenriks

Karantene, restriksjonar på korleis folk kan bevega seg og låg aktivitet har gitt tydelege utslag på statistikken, fortel det italienske innanriksministeriet.

I perioden frå 1. til 22. mars har talet på lovbrot gått ned med 64 prosent samanlikna med i fjor.

Seksuelle overgrep har falle med 70 prosent og lovbrot knytt til prostitusjon med heile 77 prosent.

Like stor er ikkje nedgangen for tilfelle av vald i heimen – her ligg han berre på 43 prosent. Kurven går heller ikkje like bratt nedover når det gjeld i tjuveri frå apoteket i landet.

(©NPK)