Trump på sitt mest populære på grunn av koronakrisa

USAs president kan gjere nesten kva som helst og likevel berre bli meir populær blant folket. Donald Trump har aldri hatt meir støtte enn no.
utenriks

I ei fersk måling frå Gallup poll svarar 49 prosent av dei spurde amerikanarane at dei synest presidenten gjer ein god jobb, medan 45 prosent er usamde i det. Dette er på linje med dei beste resultata Donald Trump har fått hos Gallup sidan han vart president i 2017.

Ei tilsvarande undersøking frå Monmouth University poll måndag viser at 46 prosent synest Trump gjer ein god jobb, igjen det beste resultatet han har fått på tre år der.

At såpass mange gir Trump tommel opp, vil truleg sjokkere dei som har følgt med på korleis han har uttalt seg og korleis han og administrasjonen hans har handtert pandemien på heimebane. Det har mellom anna komme kritikk for at USA reagerte for seint, det har vore for dårleg beredskap, for at Trump har stigmatisert Kina og amerikanarar med asiatisk bakgrunn eller utsjånad ved å kalle koronaviruset «det kinesiske viruset» og for å undervurdere kor alvorleg krisa er.

Ifølgje CNN er ikkje dette overraskande i det heile og har neppe å gjere med utsegnene til presidenten eller faktiske tiltak mot koronakrisa, det handlar rett og slett om at folka føler på at dei står overfor ein felles fiende, og då samlar ein seg bak ein felles leiar. Det viktigaste er då at leiaren viser ukueleg optimisme og gir håp. Til og med opposisjonen tenderer til å støtte sitjande presidentar og statsministrar i krisetider.

Etter terrorangrepa mot USA 11. september 2001 fauk delen som støtta president George W. Bush i vêret og låg rundt 90 prosent.

Akkurat no viser tal frå Norsk koronamonitor frå Opinion at i Noreg støttar ni av ti avgjerda til den norske regjeringa om å vidareføre av krisetiltak, og i ei av dei siste partimålingane, gjennomført frå 16. til 23. mars av Norstat for Vårt Land, gjer statsminister Erna Solberg og Høgre den desiderte beste målinga si på lenge.

(©NPK)