Trump vil ha ulike restriksjonar frå stad til stad

President Donald Trump seier at styresmaktene er i gang med å kartleggje kor stor risiko det er for virusspreiing i ulike delar av USA.
utenriks

I eit brev til USAs guvernørar skriv Trump at dei nye retningslinjene skal gi delstatar og lokale leiarar moglegheit til å fatte avgjerder om dei anten skal behalde, auke eller lempe på reglar om sosial distanse og andre tiltak som er sett i verk for å bremse spreiing av koronaviruset.

Trump har fleire gonger uttrykt ønske om å lette på dei harde restriksjonane som er innførte i samband med koronapandemien – helst før påske, slik at amerikansk næringsliv kan komme i gang igjen.

Førre veke kunngjorde Trump ein 15 dagar lang plan der folk vart oppmoda til å unngå store samlingar og halde seg mest mogleg heime. Mange delstatar har sett i verk langt strengare restriksjonar fordi dei meinte at dei føderale reglane ikkje var nok.

Trump meiner at auka testing vil gjere det mogleg å komme med meir nyanserte tilrådingar ut frå kvar i landa folk er.

Han strekar under at dei nye retningslinjene skal utarbeidast i tett kontakt med helsestyresmaktene i landet.

(©NPK)