India kuttar renta for å stimulere økonomien

Den indiske sentralbanken kuttar renta og sprøytar 50 milliardar dollar inn i finanssystemet for å handtere konsekvensane av koronapandemien.
utenriks

Styringsrenta vart fredag kutta til 4,4 prosent, som er det lågaste sidan mars 2010.

– Dei globale økonomiske utsiktene er usikre og openbert negative, og finansiell stabilitet er den fremste prioriteten til sentralbanken i denne krisa, seier banksjef Shaktikanta Das.

Tiltaket blir sett i verk tre dagar etter at landet vart stengt ned for å bremse spreiinga av koronaviruset. Styresmaktene har hittil meldt om 706 smitta og 17 dødsfall som følgje av virussjukdommen.

(©NPK)