Talet på døde aukar i Iran

Over 32.000 har til no fått påvist koronasmitte i Iran, og talet på døde vart fredag justert opp til 2.378.
utenriks

Det siste døgnet har 144 koronasmitta iranarar avgått ved døden, medan talet på nye smittetilfelle har auka med i underkant av 2.400, opplyser ein talsmann for helsedepartementet.

Iran har til no 32.332 registrerte smittetilfelle, men 11.133 av desse pasientane er no virusfrie og friskmelde.

Tilstanden for nærare 2.900 blir omtalt som alvorleg eller kritisk.

(©NPK)