Børsnedgang i Japan, oppgang elles i Asia

Tokyo-børsen heldt fram med å falle tysdag, og Nikkei-indeksen gjekk ned 0,8 prosent. På andre asiatiske børsar var det oppgang.
utenriks

Måndag fall den viktige japanske indeksen med 1,6 prosent, og nedgangen hittil i år har vore på 20 prosent.

Den breitt samansette Topix-indeksen i Tokyo fall med 2,2 prosent tysdag. Sidan nyttår har verdien av aksjane på indeksen krympa med 18,5 prosent.

I Hongkong var det oppgang tysdag. Hang Seng-indeksen steig med 1,9 prosent, men også han er i raudt, året sett under eitt. Sidan nyttår har nedgangen vore på 16,3 prosent.

Hovudindeksen i Shanghai steig med 0,1 prosent tysdag, medan Shenzhen-indeksen steig med 0,5 prosent. Hittil i år har dei to indeksane falle med høvesvis 9,8 og 3,3 prosent.

Kospi-indeksen i Sør-Korea steig med 2,2 prosent tysdag, men har falle med 20,2 prosent sidan årsskiftet.

(©NPK)