Børsoppgangen fortset i Europa

Dei leiande europeiske børsane heldt tysdag fram oppturen etter at fleire av dei hadde positiv utvikling også dagen før.
utenriks

London-børsen gjekk opp 2,4 prosent i den tidlege handelen, tett følgt av Frankfurt, som auka 2,3 prosent. I Paris var oppgangen på meir beskjedne 1,6 prosent.

Også dei verst koronaramma landa i Europa – Italia og Spania – starta dagen med ein opptur. Milano gjekk opp 1,9 prosent, medan Madrid steig med 1,8 prosent.

– Kina har gitt investorane eit lys i enden av tunnelen, seier analytikar Connor Campbell og viser til at Kina sakte har byrja å normaliserast etter koronautbrotet.

(©NPK)