Første hetebølgje i Antarktis

Temperaturrekordar i januar førte til at Antarktis opplevde si første offisielle varmebølgje. Forskarar seier det kan gi langsiktige verknader på økosystemet.
utenriks

Ved den australske forskingsstasjonen Casey vart det målt ein ny makstemperatur på 9,2 grader 24. januar – som er midt på sommaren i Antarktis. Neste morgon vart det sett ny rekord for varmaste minimumstemperatur: 2,5 gardar.

Temperaturane heldt seg over 0 frå 23. til 26. januar, og på det varmaste var det over 7,5 grader kvar dag. Tre dagar på rad med ekstremt høge maksimums- og minimumstemperaturar definerer desse dagane i januar som ei hetebølgje, opplyser Australias Antarktis-program.

– Vi kan vente ei rekke biologiske ringverknader i dei kommande åra, som viser at sjølv dei mest avsidesliggande områda på jorda blir påverka av klimaendringar, seier forskarar.

Det var ikkje berre på Casey i Aust-Antarktis det vart sett varmerekordar denne antarktiske sommaren. 6. februar var det 18,3 grader på den argentinske forskingsstasjonen Esperanza på Antarktishalvøya. Tre dagar seinare viste termometeret 20,75 grader på Seymourøya, den første målinga over 20 grader på det elles så frosne kontinentet.

(©NPK)