Studie tyder på lågare korona-døyelegheit

Døyelegheita blant dei som blir smitta av koronaviruset, kan vere lågare enn tidlegare anteke, ifølgje ein ny studie.
utenriks

Ulike ekspertar og forskarar har utarbeidd ei rekke ulike anslag for delen av dei sjuke eller smitta som døyr.

Éi årsak til at tala varierer mykje, er at nokre anslag dreier seg om delen døde blant dei som har fått påvist viruset. Andre anslag dreier seg om delen døde blant alle som blir antekne å vere smitta i befolkninga.

Den nye studien som er publisert i tidsskriftet Lancet, er i hovudsak basert på tal frå Kina. I utgangspunktet finn forskarane ei døyelegheit på 3,67 prosent blant kinesarar som har fått påvist viruset.

Delen går ned til 1,38 når forskarane justerer anslaget mellom anna for demografiske forhold.

I tillegg har dei utarbeidd eit anslag for døyelegheit blant alle kinesarar som blir antekne å ha vore smitta av viruset – eit høgare tal enn dei som har vorte testa og har fått diagnosen. Dette anslaget er på 0,66 prosent.

Tidlegare har fleire ekspertar uttalte at det tilsvarande talet truleg ligg rundt 1 prosent eller noko lågare. Alle data tyder på at viruset er desidert farlegast for eldre og personar med underliggande sjukdommar.

(©NPK)