Wuhan-marknadene slit etter gjenopning

Medan marknaden der virusutbrotet blir anteke å ha starta, framleis blir halde stengt, har andre marknader i Wuhan opna igjen. Men seljarane slit.
utenriks

Dei såkalla våtmarknadene i Wuhan har vorte kritiserte internasjonalt sidan koronaviruset visstnok starta spreiinga frå buer der det vart selt levande dyr på slutten av fjoråret.

Sidan har kinesiske styresmakter forbode sal av ville dyr på matmarknader. Etter at karantenen som sperra Wuhan av frå omverda, vart oppheva 8. april, har òg marknadene opna igjen, men utan at sal av ville dyr er tillaten.

På ein stor matmarknad i Wuhan er det skilta med at sal av ville dyr og levande fuglar er forbode. Over høgtalaranlegget kan ein høyre fleire kunngjeringar som erklærer siger over koronaviruset.

Éin einaste marknad i Wuhan held framleis stengt. Det er sjømatmarknaden Huanan, som ikkje berre selde sjømat, men også ei lang rekke ville dyr. Det var på Huanan-marknaden at ein antek viruset spreidde seg frå ville dyr, truleg flaggermus, til menneske.

– Undergang

Resten av marknadene i byen som no er gjenopna, slit med å overleve. Kundegrunnlaget er borte.

– Det er ingen tvil. Vi er dømde til undergang i år, seier krydderseljar Yang, som eig ei bu på det enorme Baishazhou-marknaden, til AFP.

– Det har aldri vore så få folk på marknaden vår som no, seier ho.

Yang, som anslår at salet har falle med ein tredel samanlikna med situasjonen før Wuhan vart stengt ned, avviser kritikk om at marknadene er årestad for virus.

– Unødvendig panikk, seier Yang.

– Salet går særs dårleg. På grunn av epidemien er det framleis svært få folk ute, seier Zhang Zhizhen, som sel andekjøtt på Lanling-marknaden.

Levande dyr

Såkalla våtmarknader er populære stader å kjøpe ferskt kjøtt, fisk og grønsaker på, ikkje berre i Kina, men også i andre delar av Asia. Der får ein tak i dei mest vanlege ingrediensane som folk flest brukar til dagleg, til overkommelege prisar.

Dei fleste av marknadene sel ikkje levande dyr. Men enkelte gjer det. På eit besøk til tre marknader i Wuhan denne veka fann AFP levande skjelpadder, froskar, fisk og skaldyr til sals, men ingen fuglar eller pattedyr som har vorte utpeika som smittespreiarar ved tidlegare sjukdomsutbrot.

På Baishazhou-marknaden seier fleire seljarar at dei no er underlagt krav om at dei må desinfisere buene fleire gonger kvar dag. Yang har sjølv ei rekke flasker med desinfeksjonsmiddel ståande, saman med ei eske med munnbind.

Internasjonal kritikk

Australias statsminister Scott Morrison sa denne veka at avgjerda om å gjenopne marknadene i Wuhan er ubegripeleg.

– Vi må verne verda mot moglege årestader for utbrot av denne typen virus, sa han til australsk fjernsyn.

USAs president Donald Trumps fremste smittevernrådgivar, Anthony Fauci, sa tidlegare denne månaden til Fox News at våtmarknadene bør stengast umiddelbart.

I Kina forsvarer den statleg drivne nasjonalistiske avisa Global Times marknadene. I ein artikkel tysdag gjekk avisa til angrep på det ho kalla fordomsfulle meiningar og latterlege oppfordringar om å stenge marknadene.

Verdshelseorganisasjonen (WHO) har på si side uttalt at styresmaktene må forby sal av eksotiske villdyr og overhalde regelverk for matsikkerheit. Men WHO har ikkje oppmoda til at nokon av marknadene skal stengast.

(©NPK)