Utanriksministrar frå Ukraina og Russland held fredssamtalar

Tyskland og Frankrike vil prøve å gjenopplive fredssamtalane mellom Ukraina og Russland når dei skal mekle mellom utanriksministrane frå dei to landa.
utenriks

Tysklands utanriksminister Heiko Maas opplyste onsdag at møtet, som skal føregå som ein videokonferanse, blir halde neste veke. Dei siste dagane har han snakka med alle dei andre som skal delta i samtalane.

– Vi har komme til den konklusjonen, og ingen har nekta for dette, at dei sentrale delane av avtalane frå Paris-møtet enno ikkje har vorte sett i verk, seier Maas.

Den siste tida har det vore fleire fangeutvekslingar mellom dei to landa, og både Russlands president Vladimir Putin og statsminister Angela Merkel har gitt uttrykk for at dette er positivt.

(©NPK)