WHO: 106.000 nye koronasmitta på eitt døgn

Ytterlegare 106.000 menneske har fått påvist koronaviruset. Det er det høgaste talet nokosinne på eitt døgn, opplyser Verdshelseorganisasjonen (WHO).
utenriks

Fire land står for nesten to tredelar av smittetilfella, skriv WHO på Twitter.

– Vi har stadig ein lang veg å gå under denne covid-19-pandemien, seier WHOs generaldirektør Tedros Adhanom Ghebreyesus.

Auken kan òg tolkast som eit teikn på at ei lang rekkje land har styrkt testkapasiteten sin, noko som betyr at stadig fleire av dei som er koronasmitta, endar opp i den offentlege statistikken.

(©NPK)