60.000 frivillige skal passe på at italienarane held avstand

Italienske styresmakter vil sende 60.000 frivillige ut i gatene for å passe på at folk held reglane om å halde god avstand til kvarandre.
utenriks

Italia er i ferd med å opne opp igjen og lettar no på fleire av dei strenge restriksjonane som vart innførte i startfasen av pandemien.

Men når folk igjen kan møtast ute, gå på kafé eller dra på stranda, aukar frykta til styresmaktene for at smitten blussar opp igjen

– Frivillige som skal passe på at folk overheld reglane, skal ikkje vere eit avstands-politi, men heller spreie tydinga av kor viktig det er å oppføre seg ordentleg, seier Antonio Decaro, ordførar i Bari og leiar for Italias samanslutning for ordførarar.

(©NPK)