Avis: Japan førebur ny gigantisk krisepakke

Regjeringa i Japan førebur ei ny krisepakke verd nesten 9.400 milliardar kroner, ifølgje næringslivsavisa Nikkei.
utenriks

Summen på 100.000 milliardar yen svarer nesten til heile det norske oljefondet.

Dette vil komme i tillegg til ei endå større krisepakke som vart vedteken førre månad, ifølgje Nikkei, som blir sitert av nyheitsbyrået Reuters.

Midlane i den nye pakken skal i hovudsak gå til selskap som er ramma av koronakrisa. Nikkei skriv at krisehjelpa kan bli vedteke på eit regjeringsmøte onsdag.

Samtidig opplyste regjeringa måndag at unntakstilstanden i Tokyo og fire andre regionar no skal opphevast. I resten av landet vart restriksjonar heva tidlegare denne månaden.

(©NPK)