Forbrukar vann over Volkswagen i tysk høgsterett etter dieseljuksskandalen

Tysk høgsterett har gitt ein bilkjøpar medhald i eit tilbakebetalingskrav mot Volkswagen etter dieseljuks. Rettsavgjerda vil få ringverknader for andre.
utenriks

Den føderale høgsterettsdomstolen i Karlsruhe har halde oppe ei tidlegare rettsavgjerd som fastslår at Volkswagen må kjøpe tilbake bilen til Herbert Gilbert.

Gilbert kjøpte ein brukt Volkswagen Sharan frå ein forhandlar for 31.490 euro i 2014 fordi modellen visstnok hadde miljøvennlege fortrinn. Då jukset til bilprodusenten med utsleppstesting frå bilane til konsernet vart kjent i 2015, kravde 65-åringen at selskapet skulle kjøpe bilen tilbake.

Det blir rett nok gjort eit frådrag i tilbakebetalingssummen for tida Gilbert har brukt bilen.

Rundt 68.000 bilistar har saksøkt Volkswagen som følgje av «dieselgate». Rettsavgjerda på måndag blir venta å få stor tyding for resten av søksmåla.

Den såkalla «dieselgate» starta i 2015 då Volkswagen innrømde å ha installert programvare i elleve millionar dieselkøyretøy verda rundt for å lure utsleppstestar og få bilane til å verke mindre forureinande enn dei eigentleg er.

(©NPK)