Fransk-italiensk glede over gjenreisingsforslag

Både Frankrikes president og Italias statsminister ønskjer EU-kommisjonens gjenreisingsplan velkommen og ber om at han blir vedteke raskt.
utenriks

– Dette er eit flott signal frå Brussel og går i akkurat den retninga Italia har peikt ut. La oss få fart på forhandlingane, så ressursane kan frigjerast raskt, skriv Giuseppe Conte på Twitter. Han synest lån og tildelingar verd rundt 8.100 milliardar kroner er «passande beløp».

– Vi bør alle handle raskt og komme til semje med alle dei europeiske partnarane våre, tvitrar Emmanuel Macron og legg til at det fransk-tyske forslaget førre veke gjorde planen på onsdag mogleg.

(©NPK)