Meir enn 25.000 koronasmitta er døde i Brasil

Talet på døde som følgje av koronaviruset i Brasil passerte onsdag 25.000, og landet står fram som det nye episenteret for pandemien.
utenriks

Helseministeren i landet stadfestar at 1.086 personar med koronasmitte har døydd det siste døgnet. Det er femte gong talet overstig tusen døde sidan krisa auka i landet førre veke.

Dødstalet har no nådd 25.598, og 411.821 av dei 210 millionane innbyggarane er smitta av covid-19-viruset.

Berre USA har fleire stadfesta smittetilfelle, men ekspertar meiner mangelen på testing gjer at det reelle talet på smitta og døde er mykje høgare.

(©NPK)