Politimann arrestert i Minneapolis

Politimannen Derek Chauvin, som heldt kneet mot halsen til afroamerikanske George Floyd, som seinare døydde, er arrestert, opplyser lokale styresmakter.
utenriks

Det stadfestar ein talsmann for delstatsdepartementet for offentleg sikkerheit i Minnesota fredag.

Floyd (46) vart lagd i bakken under ein arrestasjon i Minnesota måndag, og videobilde viser korleis den kvite politimannen Chauvin pressar kneet sitt mot halsen til Floyd, som fleire gonger seier han ikkje får puste.

Floyd døydde på sjukehus seinare same dag.

Alle dei fire politifolka som var til stades under arrestasjonen, fekk sparken, og det er òg gitt ordre om etterforsking, noko som er relativt uvanleg i slike saker. Vanlegvis blir politifolk som er involvert i slike hendingar, permitterte.

Dødsfallet til Floyd har ført til omfattande demonstrasjonar i Minnesota og fleire andre amerikanske byar. I fleire dagar har det vore kraftige opptøyar der demonstrantar har støytt saman med opprørspoliti.

Bilar og butikkar er sette i brann, og det er meldt om plyndring mange stader. Torsdag vart politistasjonen der Chauvin jobba, sett fyr på.

(©NPK)