Spania har ikkje registrert nokon koronadødsfall det siste døgnet

For første gong sidan mars er det ikkje registrert nokon nye koronarelaterte dødsfall i Spania i løpet av det siste døgnet.
utenriks

Krisekoordinatoren til helsedepartementet Fernando Simon kallar utviklinga som «veldig, veldig oppmuntrende».

Det siste døgnet er det berre registrert 71 nye smittetilfelle. Landet har registrert til saman rundt 240.000 smittetilfelle og 27.127 dødsfall knytte til koronasmitte.

(©NPK)