WHO seier dei vil halde fram med å samarbeide med USA

WHO-direktør Tedros Adhanom Ghebreyesus seier dei framleis ønskjer å samarbeide med USA trass i president Donald Trumps avgjerd om å kutte banda med dei.
utenriks

Tedros seier at USAs bidrag til Verdshelseorganisasjonen (WHO) opp gjennom åra har utgjort ein stor forskjell, og at det er ønsket til organisasjonen at samarbeidet held fram.

Trump kunngjorde i slutten av mai at dei trekker seg heilt frå samarbeidet med WHO og avsluttar medlemskapen sin.

(©NPK)