Biden: Trump bruker militæret mot det amerikanske folket

Trump bruker det amerikanske militæret mot det amerikanske folket, seier Joe Biden, som truleg blir Demokratanes kandidat i presidentvalet i haust.
utenriks

Biden skriv i ei oppdatering på Twitter at president Donald Trump er ansvarleg for at det blir brukt tåregass og gummikuler mot fredelege demonstrantar.

Fråsegna kjem etter at Trump måndag ettermiddag trua med å mobilisere det amerikanske forsvaret for å kue dei valdelege demonstrasjonane som har spreidd seg i landet.

– For våre barns skuld, for vårt lands del, vi må overvinne han. Eg meiner det når eg seier dette: Vi kan berre klare det saman, skriv Biden.

(©NPK)