Hjelpeorganisasjonar med Jemen-appell: – Fem millionar utan vatn og mat

Over 5,5 millionar menneske kan miste tilgang til mat, vatn og medisinar i Jemen. Internasjonale hjelpeorganisasjonar ber innstendig om bidrag.
utenriks

Mangelen kan utløyse ein massiv svoltkatastrofe og pandemiutbrot av mellom anna kolera og koronavirus, åtvarar hjelpeorganisasjonane.

Situasjonen i det krigsramma landet har vorte ytterlegare forverra av koronapandemien. Samtidig er det fare for svikt i den nødvendige internasjonale bistanden.

Ein internasjonal donorkonferanse arrangert av FN og Saudi-Arabia blir halden tysdag for å samle bistandspengar til Jemen. Noreg er blant deltakarane på konferansen.

Ber om slutt på krigen

I samband med konferansen går 24 av dei leiande bistands- og nødhjelpsorganisasjonane saman for å oppmode verda til å bidra.

– Denne konferansen er ei kritisk moglegheit til å redde tusenvis av liv og snu utviklinga, men vi må handle no, seier organisasjonane i ei felles pressemelding.

Blant organisasjonane er CARE, International Rescue Committee, Islamic Relief, Meìdecins du Monde, norske Flyktninghjelpen, Oxfam og Redd barna.

Dei påpeikar òg at dette er ein kritisk fase for å sikre nødhjelp, men at ein slutt på krigshandlingane er avgjerande for å få slutt på lidingane i Jemen.

– Fred er den einaste måten å garantere Jemens framtid på. Vi ber alle regjeringar som deltek på konferansen om å leggje press på dei krigførande partar om å umiddelbart setje i verk ei landsomfattande våpenkvile og ta opp att fredssamtalar.

Noregs bidrag

Noreg har så langt sett av 175 millionar kroner til humanitær bistand til Jemen. Bistanden blir distribuert gjennom FN, Røde Kors-rørsla og frivillige organisasjonar som jobbar med lokale organisasjonar i landet.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide understrekar òg behovet for ei varig løysing og vern om Jemens befolkning.

– Partane i Jemen må etterleve humanitærretten og sørgje for at humanitære aktørar får trygg og uhindra tilgang til menneske med behov for vern og humanitær hjelp, seier utanriksministeren i ei pressemelding.

– Vi ber partane om å setje Jemens befolkning først og følgje den sterke oppfordringa frå FNs generalsekretær António Guterres om global våpenkvile, seier ho.

(©NPK)