Politifolk påkøyrde av bil i New York

Eit køyretøy køyrde inn i ei gruppe politifolk måndag kveld i Buffalo i New York. Minst to betjentar vart skadde i hendinga.
utenriks

Video av hendinga viser ein SUV som køyrer fort gjennom eit kryss like etter at politiet har arrestert ein mann i samband med demonstrasjonar i byen.

Politifolka prøver å springe unna bilen, men fleire blir trefte. Dei er frakta til legevakt og tilstanden skal vere stabil.

(©NPK)