Biden eitt steig nærare nominasjonen

Joe Biden er nær ved å sikre seg nominasjonen som Demokratanes presidentkandidat etter å ha vunne nominasjonsvalet i sju delstatar og Washington D.C. tysdag.
utenriks

Biden kan formelt sikre seg nominasjonen neste veke, etter primærvala i West Virginia og Georgia, skriv nyheitsbyrået AP.

Tysdag vann han hundrevis av nye delegatar i sju delstatar og dessutan District of Columbia, meir kjent som Washington D.C.

Veljarar over heile USA måtte rette seg etter portforbod, smitteverntiltak og soldatar frå Nasjonalgarden. Mange venta i fleire timar for å stemme, i nokre tilfelle etter at stemmelokala var stengde, då kapasiteten var kraftig redusert for å hindre koronasmitte. Nokre stader, som i Montana, vart det stemt per post.

Biden starta med å vinne enkelt i Indiana, som var den første delstaten som stengde vallokala. Deretter sikra han sigeren i Pennsylvania, Maryland, Rhode Island, Sør-Dakota, New Mexico, Montana og District of Columbia.

Nærmar seg nominasjon

Den tidlegare visepresidenten treng 1.991 delegatar for å bli utpeika som Demokratanes presidentkandidat på landsmøtet i sommar.

Denne gongen var det Pennsylvania som baud på flest delegatar, og Biden har no 1.919 delegatar, viser ei oppteljing frå NBC News.

Fire av delstatane skulle i utgangspunktet halde vala i april, men dei vart utsette på grunn av koronapandemien.

Trump mot Biden

President Donald Trump vann Republikanaranes primærvalg i Indiana, Rhode Island, Maryland, New Mexico, Montana og Pennsylvania.

Den sitjande presidenten sikra seg allereie i mars nominasjonen som presidentkandidaten til partiet.

Presidentvalet i haust kjem, med mindre det skjer noko svært uventa, til å stå mellom Trump og Biden. Partireglar inneber at dei to først må samle eit fleirtal av delegatane frå nominasjonsvalet i delstatane.

(©NPK)