Tik Tok avviser å ha delt indiske brukardata med Kina

Tik Tok seier at selskapet ikkje har delt informasjon om indiske brukarar med kinesiske styresmakter. Den populære mobilappen vart måndag forboden i India.
utenriks

Tik Tok er eigd av det kinesiske selskapet Byte Dance.

– Tik Tok retter seg framleis etter alle pålegg i indisk lov som gjeld personvern og informasjonstryggleik og har ikkje delt noko informasjon om brukarane våre i India med noka utanlandsk regjering, heller ikkje den kinesiske, opplyser selskapet.

Den indiske regjeringa opplyste måndag at Tik Tok og 58 andre kinesiske mobilappar blir forbodne fordi dei utgjer eit tryggingsproblem. Avgjerda kom etter at 20 indiske soldatar vart drepne i nærkamp med kinesiske soldatar på grensa mellom dei to landa for to veker sidan.

(©NPK)