Hongkongs leiar hyllar den kinesiske sikkerheitslova

Den nye sikkerheitslova for Hongkong er den viktigaste utviklinga sidan byen vart ført tilbake til Kina i 1997, seier Hongkongs leiar Carrie Lam.
utenriks

– Innføringa av den nye sikkerheitslova er den viktigaste utviklinga i forholdet mellom den sentrale regjeringa og Hongkong sidan tilbakeføringa, sa Lam på ein seremoni som markerte at det er 23 år sidan byen vart ført tilbake til Kina frå Storbritannia.

Tysdag underteikna den kinesiske presidenten Xi Jinping den omstridde sikkerheitslova. Lova opnar mellom anna for å straffe demonstrantar som øydelegg køyretøy med livstid i fengsel, og stenging av selskap som handlar i strid med lova.

– Den nasjonale sikkerheitslova er eit vendepunkt for Hongkong bort frå kaos og mot eit velfungerande styre, sa Lam.

Til saman 27 land, inkludert Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Japan og Noreg, ber Kina revurdere lova og seier i ei fråsegn til FN at den undergrev sjølvråderetten i byen.

USA har trekt tilbake Hongkong særskilde handelsstatus og truar med fleire tiltak.

(©NPK)