Sørpolen-temperatur stig tre gonger raskare enn på resten av kloden

Temperaturen på Sørpolen har stige tre gonger raskare enn temperaturen på resten av jordkloden dei siste 30 åra.
utenriks

Forskarar frå New Zealand, Storbritannia og USA har analysert 60 år med informasjon frå vêrstasjonar for å få klarheit i kva som er skuld i at temperaturen i Antarktis skyt fart.

Dei har funne ut at gradvise temperaturaukar har varma opp det vestlege Stillehavet, som igjen har senka atmosfæretrykket over Weddellhavet-bukta i Sørishavet.

Dette har først til auka straumdrag av varm luft over Antarktis, og dermed ein gjennomsnittleg temperaturauke på 1,83 grader sidan 1989.

Temperaturen på Sørpolen har dermed auka med 0,6 grader kvart tiår, medan temperaturauken for resten av verda har vore 0,2 grader.

– Det er veldig sannsynleg at menneskeleg aktivitet har bidrege, seier forskar ved Victoria University i New Zealand, Kyle Clem.

Clem er blant forskarane som står bak studien, som er publisert i tidsskriftet Nature Climate Change. Han understrekar at nivået på oppvarminga overskrid 99,99 prosent av temperaturtrendmodellane, og dermed sannsynlegvis er menneskeskapte.

(©NPK)