Storbritannia: Ny lov «alvorleg» brot på Hongkongs sjølvstyre

Sikkerheitslova for Hongkong bryt med retten byen har til sjølvstyre, meiner Storbritannia, og utvidar tilgjenget for hongkongkinesarar til å flytte til landet.
utenriks

– Lova inneber eit alvorleg brot på Hongkongs rett til sjølvstyre og er ein direkte trussel mot folkets rettar: Derfor må eg dessverre seie at ho er eit klart og alvorleg brot på felleserklæringa – traktaten mellom Kina og Storbritannia, seier den britiske utanriksministeren Dominic Raab.

Avtalen garanterte Hongkong delvis sjølvstyre i 50 år frå overleveringa i 1997. Onsdag vart minst 180 personar arresterte etter demonstrasjonar i Hongkong på årsdagen for tilbakeføringa til Kina.

Samtidig gjentek Boris Johnson løftet sitt om å gjere det lettare for folk frå Hongkong å flytte til Storbritannia. Før den nye sikkerheitslova tredde i kraft, lova han at dersom kinesarane innførte lova, ville Storbritannia opne for at personar med status som British National (Overseas) kunne flytte til landet.

– Det er nøyaktig det vi vil gjere no, sa Johnson i Underhuset onsdag. Britiske styresmakter har lova å gi denne gruppa moglegheit til å bu og jobbe i Storbritannia og etter kvart søkje om statsborgarskap.

Dette er personar som budde i Hongkong før 1997 og fekk britisk nasjonalitet, men ikkje statsborgarskap. Rundt 350.000 har i dag slikt pass, medan ytterlegare 2,5 millionar kan søkje om det.

(©NPK)