Syria meiner givarlandskonferanse er ei «openberr innblanding»

EU og FNs givarlandskonferanse for Syria var ei openberr innblanding i deira indre forhold, meiner styresmakta i Damaskus.
utenriks

På konferansen tysdag for det borgarkrigsherja landet vart det gitt løfte om 6,9 milliardar euro – rundt 75 milliardar kroner til Syria og nabolanda. Pengane skal gå til å hjelpe folk som er drivne på flukt med å takle koronapandemien og påkjenningane etter ni år med krig.

Ei kjelde i utanriksdepartementet seier slike konferansar er ei «openberr innblanding» i Syrias indre forhold. Arrangementet på tysdag viser òg USA og EUs «fiendtlege politikk» over Syria, ifølgje kjelda.

– Dei som utfører kriminelle handlingar mot Syria, har eit grunnleggjande ansvar for lidingane. Dei kan ikkje gøyme seg bak ei falsk humanitær maske og open politisering av humanitære spørsmål for å tene deira eigen dagsorden, held kjelda fram.

Aktørar frå rundt 80 land, internasjonale organisasjonar og grupper frå det syriske sivilsamfunnet deltok på videokonferansen. Noreg skal bidra med 1,75 milliardar kroner til regionen.

USA har innført sanksjonar mot Syria, noko som gjer det vanskeleg for land å kanalisere bistand via Assads regime sidan dei då sjølv kan bli ramma av straffetiltak.

(©NPK)