Tyskland opnar grensa for elleve nye land

Tyskland vil torsdag byrje å sleppe inn turistar frå elleve land utanfor Schengen, men stiller vilkår til nokre av landa.
utenriks

Reisande frå Australia, Canada, Georgia, Montenegro, New Zealand, Thailand, Tunisia og Uruguay slepp frå 2. juli inn i Tyskland på lik linje med reisande frå Schengen-land. Også kinesarar, japanarar og sørkoreanarar kan sleppe inn, men berre dersom dei respektive landa opnar opp for tyske reisande.

Personar frå dei siste fire landa på lista EU kom fram til denne veka – Algerie, Marokko, Rwanda og Serbia – blir nekta innreise inntil vidare.

(©NPK)