USA har tømt alle lager av Remdesivir

Ingen andre land får kjøpe Remdesivir, som kan brukast i behandlinga av alvorleg sjuke koronapasientar, dei tre neste månadene. USA har støvsoge marknaden.
utenriks

– Dei har tilgang til det meste av forsyninga av Remdesivir, så det er ikkje noko igjen til Europa, seier seniorforskar Andrew Hill ved Liverpool University, til avisa The Guardian.

Remdesivir er det første legemiddelet som vart godkjent av helsestyresmaktene i USA for behandling av covid-19-viruset. Éi behandling av alvorleg sjuke koronapasientar kostar om lag 22.700 kroner, opplyser legemiddelfirmaet Gilead.

USA har no kjøpt meir enn 500.000 dosar av medisinen. Det er heile Gileads produksjon i juli og 90 prosent av produksjonen for august og september.

(©NPK)