4,8 millionar nye jobbar i USA i juni

USA registrerte 4,8 millionar nye jobbar i juni etter kvart som økonomien opna igjen etter første utbrot av koronaviruset.
utenriks

Det inneber at arbeidsløysa fall med 2 prosentpoeng til 11,1 prosent.

Auken var mykje høgare enn venta og viser at mange menneske som var permitterte, har gått tilbake til jobben, særleg innan hotelldrift og fritidsaktivitetar.

Ein annan rapport frå arbeidsdepartementet viser samtidig at tap av arbeidsplassar held fram, og at 1,43 millionar menneske søkte arbeidsløysetrygd i veka som gjekk.

Det kan komme av ein kraftig auke i koronatilfelle og at enkelte delstatar vart tvinga til å stanse gjenopninga.

(©NPK)