Analytikarar i USA trur brann ved iransk atomanlegg ramma sentrifugeproduksjon

Ein bygning på bakken ved eit iransk anrikingsanlegg vart ramma av brann og eksplosjon torsdag. Analytikarar trur det er snakk om ein sentrifugefabrikk.
utenriks

Det iranske atomenergibyrået tonar ned det dei kallar ei «hending» ved eit industribygg under oppføring. Talsmann Behrouz Kamalvandi seier ikkje kva slags hending som ramma anlegget i Natanz, men eit bilete viser eit mursteinsbygg med svimerke og det som verkar som eit øydelagt tak.

Både Kamalvandi og sjefen for Irans atomprogram, Ali Akbar Salehi, reiste straks til Natanz.

– Det er fysiske skadar og eit økonomisk tap, og vi gjer undersøkingar for å kunne vurdere dette. Drifta ved anrikingsanlegget vart ikkje avbroten, og anlegget fungere heldigvis som før, seier Kamalvandi.

Den delen av anlegget som er ramma, samsvarer med eit anlegg for sentrifugeproduksjon som nyleg er opna, seier forskar Fabian Hinz til nyheitsbyrået AP. Han jobbar ved eit senter for ikkjespreiingsstudiar. Hinz har lokalisert brannen til den nordvestre delen av Natanz-anlegget, basert på satellittbilete og eit statleg Tv-program.

Iranske atomstyresmakter har ikkje svart på ein førespurnad om å kommentere fråsegna frå forskaren.

(©NPK)