Engelske skular opnar igjen i september

Alle barn i England må tilbake på skulen igjen i september, opplyser styresmaktene.
utenriks

Styresmaktene ville opphavleg at skulane skulle opne for fullt igjen etter koronakrisa før sommaren, men måtte endre planane på grunn av bekymra foreldre og fagforeiningar.

Sidan det ville vere vanskeleg å halde avstand på to meter i skulane, er dette no kutta til éin meter.

På den andre sida har kritikken auka mot at skulane stengde i mars, særleg fordi barn i vanskelegstilte familiar har hatt problem med nettundervisning.

Skottland, Nord-Irland og Wales er ansvarleg for sine eigne skular, og dei opnar tidlegare enn dei engelske.

(©NPK)