Jeffrey Epsteins ekspartnar arrestert for å ha rekruttert unge jenter

Ghislaine Maxwell, ekspartnaren til Jeffrey Epstein, vart torsdag arrestert, sikta for å ha hjelpt han å skaffe til vegar mindreårige jenter som vart misbrukte.
utenriks

I siktinga heiter det at ho er arrestert for rolla si i Epsteins seksuelle misbruk av ei lang rekkje mindreårige jenter, mellom anna ved å hjelpe han med å rekruttere jenter under 18 år, vinne tilliten deira og til slutt misbruke dei.

Nokre av jentene var så unge som 14 år. Ho er òg sikta for mened.

– Maxwell laug fordi sanninga, slik det blir påstått, nærast var umogleg å stelle seg til, seier den føderale statsadvokaten Audrey Strauss på ein pressekonferanse etter arrestasjonen. Ho seier siktinga mot Maxwell er ein «forløpar» til saka mot Epstein i fjor sommar.

– Privilegert liv

Sidan Epstein vart arrestert for eit år sidan, har Maxwell halde seg i skjul og kommunisert med påtalemakta gjennom advokaten sin.

– Vi har i den seinare tida fått vite at ho sneik seg unna til ein herskapeleg eigedom i New Hampshire, der ho heldt fram sitt privilegerte liv, medan offera hennar må leve med trauma dei vart påført for mange år sidan, seier FBIs visedirektør i New York, William Sweeney.

Epstein gjorde sjølvmord i fengsel i New York i august i fjor. Han var sikta for mellom anna menneskehandel, noko han allereie tidlegare var dømd for i 2008. Om han hadde vorte dømt på nytt, risikerte han fengsel i 45 år.

Rekrutterte ungjenter

Mange kvinner har skulda Maxwell, som budde saman med Epstein i årevis, for å ha skaffa til vegar mindreårige jenter til Epstein, mellom anna ved å rekruttere dei til å gi Epstein massasje og deretter presse dei til sex. Ho avviser alle skuldingar.

Blant dei meir sensasjonelle skuldingane er ei frå Virginia Giuffre om at Maxwell arrangerte sexmøte for henne med prins Andrew i huset sitt i London. Giuffre støtta opp om skuldinga med eit bilete av henne og prinsen, teke i Maxwells hus.

– Vi vil ønskje det velkommen dersom prins Andrew kjem for å ta ein prat med oss, seier statsadvokat Strauss. Prinsen er ikkje nemnd i siktinga mot Maxwell.

Avviser skuldingane

Prins Andrew avviser alle skuldingar, og det har vist seg vanskeleg for amerikansk påtalemakt å få han i tale. Advokatane hans seier dei ikkje vil kommentere arrestasjonen av Maxwell.

Andrew, som er veslebror til tronarvingen prins Charles, vart fråteke alle oppgåver i den britiske kongefamilien etter eit TV-intervju der han forsvarte vennskapen med Epstein.

Eit anna offer, Sarah Ransome, sa i søksmålet sitt at Maxwell leidde Epsteins påståtte menneskehandelsopplegg. Ho skal ha lært opp rekrutterarar, utvikla planar for å rekruttere ungjenter og bidrege til å skjule alt for politiet.

Sosietetskjendis

Maxwell vaks opp i London, der ho etter kvart vart ein kjend sosietetskjendis. Ho er både britisk og amerikansk statsborgar. Ho er dotter av den avdøde britiske mediemogulen Robert Maxwell.

Epstein var ein velståande finansmann frå New York med mange rike og berømte personar i kjentskapkrinsen sin, blant dei tidlegare president Bill Clinton og noverande president Donald Trump.

Påtalemakta har fastslått at Epsteins død var sjølvmord, men det sirkulerer ei rekkje konspirasjonsteoriar om at han vart drepen for å hindre at han avslørte informasjon om velståande kjende.



(©NPK)