Den lille havfrue igjen utsett for hærverk

Den lille havfrue i København er igjen utsett for hærverk. Ukjende personar har måla «Racist Fish» på den berømte statuen.
utenriks

Graffitien vart måla på steinen som havfrua sit på natt til fredag, og det var Ekstra Bladet som melde frå til politiet. Skulpturen er plassert på hamnestrekninga Langelinie i København.

Det er langt frå første gong at Den lille havfrue er utsett for hærverk. Fleire gonger har den folkekjære og verdskjende statuen fått hovudet saga av, og ho har òg mista ein arm.

Så seint som i januar vart det måla «Free Hong Kong» med raud måling på statuen, som er laga av Edvard Eriksen og er ein representasjon av H.C. Andersens berømte eventyr med same namn.

(©NPK)