Heile den franske regjeringa går av

Frankrikes statsminister Édouard Philippe og resten av regjeringa går av, opplyser kontoret til president Emmanuel Macron.
utenriks

Philippe leverte avskjedssøknaden sin til Macron fredag, opplyser Élyséepalasset. Ein ny statsminister skal utnemnast i løpet av få timar.

Årsaka er at Philippe blir ordførar i byen Le Havre etter lokalvalet tidlegare i år, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Det har lenge vore venta at Macron ville gjere endringar i regjeringa. Sentrumsregjeringa har slite med minkande oppslutning i lang tid, og han har lova å «gjenskape» seg sjølv etter koronakrisa.

Det har vorte spekulert på om Macron vil prøve å få ei ny regjering som heller meir mot det raudgrøne. Som følgje av koronautbrotet treng Frankrike å gjenreise økonomien, samtidig som lokalvalet viste ein sterk vekst for Dei Grøne og klimasaka. Macrons eige sentrumsparti tapte i alle dei store byane.

Philippe har vore Frankrikes statsminister sidan mai 2017 og tilhøyrer det borgarlege partiet Republikanarane.

Macron har to år igjen av perioden sin og treng å komme på offensiven både når det gjeld økonomiske spørsmål og klimasaka for å auke oppslutninga fram mot neste val.

Allereie før lokalvalet hadde Macron planlagt ei rokering i regjeringa.

(©NPK)