Remdesivir godkjent til behandling av covid-19 i Noreg og EU

EU-kommisjonen har godkjent bruk av legemiddelet Remdesivir til behandling av alvorleg sjuke covid-19-pasientar. Det omfattar òg pasientar i Noreg.
utenriks

– Vi vil snu kvar stein i jakta på å finne effektive behandlingar eller vaksinar mot koronaviruset, seier helsekommissær Stella Kyriakides i ei pressemelding fredag.

Gjennom EØS-avtalen blir Remdesivir òg godkjend i Noreg, seier Legemiddelverket til VG.

Den europeiske helsestyresmakta (EMA) har tidlegare tilrådd at legemiddelet blir godkjent.

Testing har vist at legemiddelet, som blir produsert av den amerikanske legemiddelprodusenten Gilead, kan korte ned sjukdomsperioden hos alvorleg sjuke covid-19-pasientar frå i gjennomsnitt 15 til elleve dagar.

USA godkjende i mai Remdesivir for behandling av covid-19.

Onsdag vart det kjent at USA har kjøpt alle tilgjengelege dosar av legemiddelet. Det vil ta minst tre månader før nye dosar av legemiddelet er klare til bruk. Men helsekommissær Kyriakides sa til Financial Times torsdag at EU-kommisjonen er i forhandlingar med Gilead om å få reservert nye dosar.