Fauci trur amerikanarar vil ha tilgang på vaksine innan utgangen av 2021

Når ein koronavaksine er testa og klargjord, vil amerikanarar få tilgang på han innan kort tid, seier smittevernrådgivaren til Trump-regjeringa Anthony Fauci.
utenriks

– Eg trur at amerikanarar over ein tidsperiode i 2021 vil vere i stand til å få han, sa Fauci om ein mogleg vaksine då han fredag møtte i Representanthuset for å svare på spørsmål om handteringa av koronapandemien.

Han fastslo at det vil bli sett opp ei liste over kven som blir prioritert når ein vaksine er klar.

– Eg trur ikkje alle vil få den umiddelbart, sa Fauci, som sa han var forsiktig optimistisk med omsyn til om ein fungerande vaksine vil bli utvikla.

Helsestyresmaktene i USA har sett i gang ein plan som har fått namnet Operation Warp Speed, som skal sikre at 300 millionar dosar med vaksine blir produsert på kort tid.

250.000 personar har registrert seg for å ta del i testarbeid i samband med utviklinga av ein vaksine i USA.

(©NPK)