Fleire sivile drepne i forsøk på å krysse grensa mellom Pakistan og Afghanistan

Fleire sivile skal vere drepne etter at dei prøvde å ta seg over grensa mellom Pakistan og Afghanistan for å feire den muslimske høgtida id med familie.
utenriks

Hendinga skal ha skjedd etter at det brøyt ut opptøyar mellom pakistansk grensepoliti og folk som prøvde å krysse grensa over til Afghanistan torsdag ettermiddag.

Den elles så travle grenseovergangen har i stor grad vore stengt dei siste månadene i eit forsøk på å hindre spreiinga av koronaviruset.

Grensa vart opna ei lita stund i samband med høgtida id al-adha, men då grenseovergangen seinare på dagen vart stengd, braut det ut opptøyar.

Det blir rapportert frå offisielt hald om opptil 15 døde og over 50 skadde.

(©NPK)