Grenseopning førte til rekordar for svensk butikk

Nordmenn på grensehandel i Sverige bidrog til rekord. Ein butikk måtte stengje fleire gonger på grunn av høgt trykk.
utenriks

– Det har vore høge besøkstal heile veka, fortel Madeleine Ward, sjef for kjøpesenteret i Töcksfors. Rekorden på tysdag på 14.000 kundar knuste den tidlegare rekorden på 12.500.

Trykket etter at norske styresmakter opna fleire regionar i Sverige har ført til at matbutikkar tidvis har måtte stengje.

– Tysdag hadde vi 70 meter kø til kassene og måtte stengje butikken eit par gonger for ta vare på tryggleiken til kundane, fortel administrerande direktør Torbjörn Swartz ved Gränsköp vest, som driv matbutikk i Töcksfors.

Det går mest i tobakk, brus, mat og snop, fortel Swartz.


(©NPK)