Hetebølge og fleire skogbrannar i Frankrike

Ei intens hetebølgje over store delar av Frankrike fører til bekymring for fleire skogbrannar.
utenriks

Tidleg fredag hadde ein dramatisk skogbrann ved Angelet sørvest i Frankrike, nær den spanske grensa, rukka å svi av nært eit dusin hus før brannmannskapa fekk kontroll. Rundt 100 menneske vart evakuerte.

Det er ein av fleire skogbrannar i sørlege- og sentrale delar av Frankrike den siste veka, og styresmaktene fryktar no at hetebølgja midt i sommarferien skal utløyse nye brannar.

– 90 prosent av desse brannane kjem av menneske, seier miljøminister Barbara Pompili, som ber folk bruke sunn fornuft.

(©NPK)