Pandemien gir økonomisk kalddusj i land etter land

USA og Tyskland melde torsdag om kraftige fall i bruttonasjonalprodukt under koronakrisa, og fredag følgde Frankrike, Italia, Spania og eurosona etter.
utenriks

Som venta har koronakrisa sett djupe økonomiske spor i årets andre kvartal. Lista over land som melder om bratt økonomisk nedtur, veks stadig.

I USA er BNP gått ned med 9,5 prosent det siste kvartalet. Det svarer til ein årleg rate på 32,9 prosent, dersom utviklinga skulle bli like ille i desse kvartala. 9,5 prosent er i seg sjølv ein kraftig nedgang, men likevel litt mindre enn det som blir rapportert frå ei rekkje europeiske land.

Europeisk nedgang

Same dag som USA la fram den dystre statistikken sin, offentleggjorde Tyskland tal som viste ein nedgang på 10,1 prosent frå første til andre kvartal. For perioden april-juni i år låg BNP 11,7 prosent lågare enn i same periode i fjor.

Fredag høynet Italia med eit BNP-fall på 12,4 prosent. I andre kvartal var den italienske økonomien 17,3 prosent mindre enn for eit år sidan. Samtidig viste ein prognose tidlegare i månaden at BNP vil falle med 9,5 prosent gjennom året, noko som betyr at det må byrje å gå oppover igjen før året er omme. Det er ekstra stor uvisse knytt til slike prognosar for tida, og dei fleste er laga med atterhald om at det ikkje kjem ei ny stor smittebølgje.

Også Frankrike kom med offisielle tal fredag, og der er nedgangen på 14 prosent. Eksporten fall med ein dryg firedel – 25,5 prosent – medan dei franske hushalda reduserte forbruket med 11 prosent.

Portugal opplevde ein tilsvarande nedtur i andre kvartal. Dei førre tre månadene fall BNP med meir beskjedne 3,8 prosent.

Spansk kollaps

Aller verst har utviklinga vore i Spania dei siste tre månadene. I løpet av eitt kvartal har økonomien krympa med heile 18,5 prosent.

Til liks med resten av landa opplevde òg Spania ein nedgang i første kvartal, som inkluderer mars, då pandemien for alvor slo til i Europa. Dermed er landa no formelt inne i ein resesjon, definert som to etterfølgjande kvartal med negativ økonomisk vekst.

Ser ein samla på EU, er nedgangen dei siste tre månaden på 11,9 prosent for dei 27 medlemslanda i unionen. For dei i eurosona er situasjonen marginalt verre. Dei 19 landa som bruker EUs fellesvaluta, hadde ein samla økonomisk tilbakegang på 12,1 prosent.


(©NPK)