Dansk smittevern-sjef vil utsetje vidare gjenopning av landet

Ein fagleg leiar i den danske folkehelsestyresmakta Statens Serum Institut (SSI) seier han ikkje kan tilrå å gjennomføre ytterlegare gjenopning i Danmark.
utenriks

Den opphavlege planen var å gjennomføre fase fire av gjenopninga i august. I denne fasen skal mellom anna diskotek, konsertstader og nattelivet elles gjenopnast.

Kåre Mølbak, som er fagleg direktør i SSI, seier likevel at han ikkje kan tilrå ei slik gjenopning i Danmark no.

I eit intervju med fagbladet Ingeniøren viser han til at smittetala igjen stig.

Partileiarane skal byrje forhandlingar om saka 12. august. I dei politiske avtalane som allereie er inngått, blir det òg opna opp for utsetjingar viss koronaepidemien blussar opp igjen.

(©NPK)