FN: Utdanningsstansen er ein «generasjonskatastrofe»

Pandemien har ført til den største utdanningsstansen nokosinne. Nesten 1,6 milliardar elevar i 190 land har fått avbrote utdanninga si, ifølgje ein FN-rapport.
utenriks

Skolestengingane har påverka 94 prosent av alle elevane i verda. Dette er det største avbrotet i utdanning nokosinne, ifølgje FN-rapporten «Education during Covid-19 and beyond».

– Vi står føre ein generasjonskatastrofe som kan føre til at umåtelege mengder med menneskeleg potensial går tapt, underminere tiår med utvikling og forverre styrkte forskjellar, seier FNs generalsekretær António Guterres i ei fråsegn om rapporten.

Det er særleg fattige, personar med funksjonsnedsetjingar, flyktningar, jenter og andre sårbare grupper som lir mest som følgje av skolestengingane.

Mange kjem ikkje tilbake

Som følgje av tiltaka kan ein òg risikere å sjå ein nedgang i delen barn som går på skule. Så mange som 23,8 millionar barn og ungdom blir venta å ikkje vende tilbake til skulane, som følgje av den økonomiske nedgangen forårsaka av koronaviruset.

– Vi veit dessverre frå tidlegare kriser at veldig mange aldri kjem tilbake den dagen skulane opnar igjen, seier fungerande generalsekretær i SOS-barnebyer, Sissel Aarak i ei fråsegn.

Hjelpeorganisasjonen peikar på at tidlegare epidemiar som sars og ebola har vist at skolestengingar ofte gjer at barna får ei ny rolle i heimen, som gjer det vanskeleg å ta opp att skulegangen igjen. Dette gjeld særleg barn som får eit forsørgjaransvar, eller jenter som blir gifta bort og blir gravide.

– Tap av inntekt gjer at barn må vere med på å tene pengar til familien i staden for å gå på skulen, seier Aarak.

Eit tilbakeskritt på mange område

Også Guterres framhevar at skolestengingane kan ha omfattande ringverknader.

– Effektane på mellom anna ernæring, barneekteskap og likestilling mellom kjønna er djupt bekymringsfulle, seier han.

– Vi er på eit avgjerande tidspunkt for barna og dei unge i verda. Avgjerdene til styresmakter og partnarar vil ha varige effektar for fleire hundre millionar unge og på utviklingsmoglegheitene til land i fleire tiår framover, understrekar han.

Ber land prioritere skuleopning

For å kjempe mot dei negative effektane, oppmodar FN styresmaktene i alle land om å prioritere utdanning og gjere sitt ytste for å få bukt med smittespreiinga slik at skulane kan gjenopnast.

Rapporten framhevar òg at gode innovative læringsmetodar som vart tekne i bruk under koronapandemien, må vidareførast og vidareutviklast i tida framover.

(©NPK)