Aukande smitte får Danmark til å bremse gjenopning

Ikkje sidan mai er det meldt om fleire smitta på eitt døgn i Danmark, og regjeringa utset no ei planlagd letting av smitteverntiltak.
utenriks

Torsdag vart det stadfesta 121 nye koronatilfelle, viser tal frå Statens Serum Institut (SSI). Onsdag vart det meldt om 112 smitta, medan det tysdag vart meld om 77 nye tilfelle.

Ikkje sidan 8. mai, då det vart rapportert om 135 tilfelle, har talet på nye smitta på eitt døgn vore høgare.

Samtidig med auka smittetal fleire stader, planla styresmaktene å heve grensa for talet på deltakarar på visse arrangement frå 100 til 200 personar førstkommande laurdag. Det som skulle vere eit nytt ledd i den gradvise gjenopninga av det danske samfunnet, blir no lagt på is.

Passar dårleg

Ved SSI påpeika forskarane at dette er eit dårleg tidspunkt å utvide grensa på. Avdelingssjef Tyra Grove Kause sa til dansk TV 2 at faren for superspreiing av smitte vil auke når arrangement kan bli dobbelt så store.

Blant dei nye smittetilfella er 41 tilknytt Danish Crowns slakteri i Ringsted i Sjælland. Totalt har 120 medarbeidarar på slakteriet testa positivt for viruset den siste tida, opplyser slakteriet i ei pressemelding.

Alle tilsette skal no testast for korona.

Også Aarhus er ramma av eit utbrot. Der er det meldt om 34 nye tilfelle frå onsdag til torsdag, opplyser einingsleiar og overlege i Styrelsen for Patientsikkerhed, Charlotte Hjort.

Det er særleg det somaliske miljøet i Aarhus som er hardt ramma av viruset. Tre av fire smitta har somalisk bakgrunn.

Auke på Færøyane

Det er òg meld om fleire nye tilfelle på Færøyane. Sidan april har øyane vore å godt som frie for korona, men på tre dagar er det registrert 41 nye tilfelle, berre frå onsdag til torsdag auka talet med 25.

Politikarane på Færøyane har valt å la landet vere langt meir ope enn Danmark, mellom anna har nattklubbane kunna halde på til klokka 2 om natta.

Frå onsdag til torsdag steig òg talet på pasientar med korona på danske sjukehus frå éin til 24, viser tal frå SSI. To personar får behandling i respirator.

I same periode er det meldt om eitt dødsfall. Det samla talet døde er no 617.


(©NPK)